Minner om påmelding til kulturskulen

Det nærmar seg fristen for å søkje elevplass i kulturskulen for skuleåret 2024/2025!

Dersom ein ønsker elevplass frå hausten av, må ein gå inn og melde seg på i løpet av dei komande dagane.

For meir informasjon om dei ulike undervisningstilboda og påmelding: Følg denne lenka (Påmelding - Fjord Kulturskule (speedadmin.dk)).

Påmeldingsfristen er 20.april.

Fjord kulturskule tilbyr undervisning i musikk, dans og visuell kunst. Ein kan mellom anna melde seg på individuell instrumentopplæring eller spennande gruppetilbod som musikksprell (for dei minste), band og biletkunst.

Har du forresten fått med deg at alle skulekorpsa i kommunen betaler elevkontingenten for det første året i kulturskulen dersom ein vert medlem av korpset??